Diskurs (frå latin discursus, ‘samtale, springa att og fram’) tyder tale, samtale eller drøfting. Ein diskurs er eit sett omgrep, problemstillingar og formuleringar som ligg nedfelt i språket og som alle deler innanfor ein viss kultur. Omgrepet blir brukt innan språkvitskap, litteraturteori og filosofi/sosiologi med særskilde definisjonar.

Som ein semantisk term viser diskurs til ei samanhengande rekke av språklege einingar som utgjer ei meining. Diskursanalyse er ein måte å analysera tekstar på ved hjelp av det lingvistiske innhaldet deira og den sosiolingvistiske konteksten deira. «Tekst» viser i denne samanhengen også til tale, som samtalar eller talar, og ikkje-verbale uttrykk, som eit bilete eller ein reklame.

Innanfor litteraturteorien kan termen diskurs visa til måten ei forteljing er lagt fram på, i motsetnad til «handlinga»; historien, fabelen, plottet.

Hentet fra Wikipedia

Reklamer